På kursa held me fokus på vasstilvenning og at borna får positive erfaringar med å vera i vatn. Å læra borna våre å verta komfortable i vatn er viktig, både for aktivitet, moro og tryggleik. Det er aldri for seint å starte med vasstilvenning!Alle kursa tek omsyn til det enkelte born sitt utgangspunkt. Kontakt oss dersom du er usikker på kva gruppe du og ditt born passar i.
Baby 1
Babysymjing for dei minste, aldersgruppe 3–8 mnd. Hovudfokus er vasstilvenning samt læring av grep og teknikkar. Kurset foregår i gruppe, der instruktøren bruker både leik og song ved innlæring av ferdigheiter. Timen er sosial for både born og vaksne, og skapar ein nær tilknytning til det nye familiemedlemmet. Progresjon er alltid på bornet sine premissar, og borna har stor glede av frie bevegelsar i vatn. Me oppfordrar både mor og far til å delta, gjerne saman ein gong eller to om det er mogleg.
Baby 2
Småbornssymjing
Trygg i vatn
Vasstilvenning for born frå 4–8 år. Frå å verta komfortabel med vassprut i andletet, til å flyte, leike, dukke og symje. Dette kurset passar for alle born som enten trivs godt eller ynskjer å stortrivast i vatn.
Nivå 1:
Dette nivået tilsvarar dei kjente symjeopplæringsnivåa til Noregs svømeforbund kalla vann og hval. Dette nivået passar for born i alderen 4 – 5 år, eventuelt eldre born som har behov for vasstilvenning. Nivået fokuserer på dei grunnleggjande øvelsane for vasstilvenning, og skapar grunnlaget for læring av dei fire kjernefunksjonane for symjing, som er dykke, flyte, gli og framdrift. Me startar i dette nivået også med øvelsar og teknikkar for at barnet skal verta komfortabel med å få hovudet under vatnoverflata.
Nivå 2:
Dette nivået tilsvarar nivåa skilpadde og pingvin, og passar for born i alderen 5 – 8 år. I dette nivået vil borna læra ferdigheitene å flyte og gli. Her fokuserer ein på ulike teknikker der borna vil oppleve effekten av at vatnet bærer kroppen, at ein kan flyte ved hjelp av å bruke pust og kroppsholdning, og at ein ved flyting etterkvart kan læra korleis kroppen glir gjennom vatnet.
Kurset trygg i vatn vil gjera bornet ditt meir komfortabel i vatn, læra seg trygg atferd i nærleiken av vatn, samt gjera bornet tryggare i elementet vatn – som ein start før det lærer seg å symja.
Alle borna vil få utdelt diplom som bevis på utført kurs. Det vert dessverre ikkje utdelt pins, då det ikkje eksisterer ein symjeklubb i Kvam Herad, som er nødvendig for å kalla kurset (vann, hval, sklipadde, pingvin, sel).
Instruktøren vår, Dag Instanes, har tatt kursa sine gjennom Norges Svømmeforbund.
Dersom det vert nok påmeldte, vil det seinare verta lagt opp til kurs som beveger seg vidare frå desse, der borna lærer seg å symja, både bryst og crawl.
Sommar /haust 2025
Tilboda vert sett opp to gonger i vinter-/vårhalvåret og to gonger i sommar-/hausthalvåret. Kursa går over 8 veker kvar gong.
Baby 1
Torsdag kl 11:00
oppstart veke 34
Baby 2
Torsdag kl 12:00
oppstart veke 34
Småborn
Torsdag kl. 16:30
Oppstart veke 34
Trygg i vatn
Nivå: torsdag kl. 17:10
Oppstart veke 34
Pris for kvart tilbod:
Kr 1900,-
Påmelding
Oppstart forløp i veke 34.
Send e-post for påmelding. Informer gjerne om namn og alder på bornet.

