Til alle trufaste abonnentar ved Hardangerbadet
Tusen takk for at du er abonnent ved Hardangerbadet.
Hardangerbadet håpar du har fått mange gode opplevingar hos oss, og me legg til rette så godt me kan for at du skal få mange gode opplevingar hos oss også i framtida. Du og abonnementet ditt er ein viktig grunnpilar i Hardangerbadet AS si vidare drift.
Hardangerbadet vart som kjent tvungen til å stengje torsdag 12/3 kl. 18.00, etter pålegg frå myndigheitene. Dugnaden som Noreg no står oppe i for å hindra spreiing av Korona-viruset, må me alle bidra i på kvar vår måte. Økonomisk vert bidraget for Hardangerbadet stort og det set bedrifta i ein svært utsett situasjon med tanke på videre drift. Me har vore raske til å permittere tilsette, og å redusera energiforbruket maksimalt, slik at me held kostnadene våre på eit lavast mogleg nivå.
Dagens situasjon gjer at Hardangerbadet ikkje har ressursar til å svara publikum i perioden me er stengt. Me vil difor be om tolmod og forståing for den kjedelege situasjonen me sit i. Hardangerbadet skjønner godt at du lurer på kva me vil gjera med alle abonnementa i perioden me har stengt. Me har vurdert det slik at me må køyra trekket for abonnementa som normalt. Det vil sikra moglegheita for å opna igjen når myndigheitene gjev oss lov.
Ordningar for å ta vare på trufaste abonnentar er ein sak som vil prioriterast høgt i selskapet, og me vil gjera alt i vår makt for å gjera abonnentane våre nøgde i lang tid framover.
Har du noko på hjarta som er viktig å drøfte med oss, ta kontakt med driftsleiar Gunn Hilde Øymo på e-post.
Adresse: gunn.hilde@hardangerbadet.no