Om Hardangerbadet

Hardangerbadet er eit fyrtårnprosjekt med helsepark, bade- og symjeanlegg, hotell og visningssenter for laks, lokalisert i Øystese. Byggestart var sommaren 2018 - opning vert 15. desember 2019.

Idéen bak Hardangerbadet er å kopla saman mange aktivitetar og skapa nye attraktive tilbod retta mot helse og velvære. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, familiebasseng og terapibasseng, er kjerna i anlegget. Hotellet vert utbetra med ny restaurant, konferanse, resepsjon og fleire rom. Visningssenter for laks og sjømat, oppgradert hotell, helsepark og symje- og treningsanlegg vil saman med eksisterande aktivitetar i Hardanger gje eit utvida tilbod i regionen. Hardanger og Kvam får ein ny arena for sport og fritid.

Helse i Hardanger AS vil skapa nye helsetenester i samarbeid med mellom anna Helse Vest og regionale og nasjonale organisasjonar. Selskapet vil ha samarbeid med mellom anna Universitetet i Bergen (UiB) med tanke på forsking og utvikling (FoU) opp til doktorgradsnivå. Synergi og stordriftsfordelar mellom helse, hotell, bad og visningssenter vil stå sentralt og gje mange nye arbeidsplassar.

Hardangerbadet KF er eigd av Kvam herad og har samarbeidsavtale med Jondal kommune. Hardangerbadet KF eig 25 metersbassenget og terapibassenget. Hardangerfjord Eiendom AS (LAB Eiendom AS) eig hotellet. Hardangerbadet Eigedom AS eig resten av anlegget.

Hardangerbadet vert på totalt 6.637 m2, pluss hotellet. Kostnadsramma for anlegget er 185 millionar kroner. I tillegg kjem opprusting av hotellet. Samla investering vert 265 millionar kroner eksklusiv moms.
ARKADELANGS I ØYSTESE - mulighetsstudie for sentrumsvitalisering juli-okt. 2016 - Klikk på biletet for større versjon
ARKADELANGS I ØYSTESE - mulighetsstudie for sentrumsvitalisering juli-okt. 2016 - Klikk på biletet for større versjon
Hardangerbadet – organisasjonskart
Klikk på biletet for større versjon
Hardangerbadet
Prosjektutvikling: LAB entreprenør AS, Link arkitektur, ABO - plan & arkitektur, Multiconsult AS
Eigarar: Hardangerbadet eigedom AS, Kvam herad, Hardangerfjord Eiendom AS (LAB Eiendom AS)
hardangerfjord-hotel-by-fjordtind-svart
47f0f7b6-69ee-473b-b66c-770d51182866