Me treng fleire flinke folk med på laget

Ledige stillingar i Hardangerbadet:


Driftsleiar

Driftsleiaren har ansvar for drift, organisering, aktivitetar og personale. Kandidatar bør ha leiarerfaring, høgare utdanning, vera kreative og løysingsorienterte, ha godt humør og vera gode på samarbeid, kommunikasjon og kundefokus.

Teknisk leiar

Teknisk leiar får ansvar for drift og vedlikehald av bygg og det tekniske anlegget. Me er ute etter ein kreativ person med stor arbeidskapasitet som har fokus på kvalitet og er god på samarbeid. Kandidatar må gjerne ha fagbrev innan elektro/automasjon, samt god arbeidserfaring.


For meir informasjon:
Dagleg leiar Martin Vik, Hardangerbadet 911 39 166


Søknadsfrist for begge stillingane: 3. mai 2019

Send søknad og CV til: martin.vik@hardangerbadet.no

Om Hardangerbadet AS (HB AS)

  • Leiger alle basseng, garderobar, treningssenter, vestibyle og kafè.
  • Drift- og vedlikehaldsavtale med HBE AS og KB KF for heile HB. 

Styret i HB AS er for tida sett saman av 5 personar. Styret skal ta vare på krava som er stilt i aksjelova, og fungerer i tillegg som fagleg rettleiar og sparringspartnar for administrasjonen.  I dag er det tilsett ein person i administrasjonen.

HB AS  er eigd av lokale aktørar. Dei to største eigar er Hardangerbadet Eigedom AS og Øystese Næringslag .

Strateginotatet er førande for andre styringsdokument for HB AS:
Hierarki styringsdokument:
  1. Samarbeidsavtale mellom partane i Hardangerbadet – haust 2018
  2. Strateginotat
  3. Årleg budsjett
  4. Årleg marknadsplan
  5. Driftsplanar

I ein startfase er det viktig med relevante og oppdaterte framdriftsplanar med klar ansvarsfordeling og tidsfristar.
 
Misjon (samfunnsnytte)
Skapa trivsel, gode opplevingar og styrkja Hardanger som lokalsamfunn og  reisemål.
 
Grunnleggjande verdiar
  • God service
  • Godt samarbeid
  • Entusiasme
  • Kvalitet i alle ledd 

Forretningsidé
  • HB AS er ein arena for fysisk fostring, leik og  velvære
  • HB AS er ein effektiv driftsorganisasjon for heile HB.

Mål
  1. Sikker, oversiktleg og forsvarleg økonomi.
  2. Vera eitt av dei beste anlegga av sitt slag i Norden.
  3. Ha gode og produktive samarbeidsrelasjonar med dei andre aktørane i Hardangerbadet.
  4. Gode driftsrutinar med kostnadseffektiv drift  og minimale driftsavvik.
  5. Skapa gode tilbod, attraktive produkt og marknadsføra det på effektiv vis.
  6. Gode opplevingar som gjev stor grad av gjenbesøk. 

Rollar
Organisasjonen skal vera målretta, effektiv, fleksibel og slank.

Arbeidsoppgåvene til selskapet er :
  • Drift og vedlikehald av heile bygningsmassen til Hardangerbadet – inklusiv teknisk anlegg.
  • Ansvar for drift av heile badeanlegget – inklusiv produktutvikling, marknadsføring og sal.
  • Syta for drift av kafeen
  • Syta for drift av treningssenteret
  • Syta  for drifta av resepsjonen

Arbeidsoppgåvene til tilsette :
  • Det skal vera stor fleksibilitet med omsyn til deling av arbeidsoppgåver mellom dei tilsette
  • Leiinga skal gjennom handling visa godt samarbeid i praksis både internt i HB AS og med dei andre selskapa i HB.
  • Dagleg leiing skal vera oppdatert på «beste praksis» for tilsvarande anlegg i Norden.
  • Dagleg leiing kunne gjere greie for drift av leiande anlegg i bransjen og kva vi kan læra av dei - dette gjeld både tilbod, sal, marknadsføring osb.
  • Drift av HB skal vera eit førebilete for drift av slike anlegget. 

Strategiske samarbeidspartnerar i marknadsarbeidet – gode partnerar som leverer kundar

Kunde og marknad. Dagleg leiing skal aktiv leita etter strategiske samarbeidspartnarar. Dette kan til dømes vera:
  • Nasjonale interesseorganisasjonar
  • Regionale (Hordaland) reiselivs- og arrangementsaktørar
  • Lokale verksemder i Hardanger
  • Kvam Næringsråd
  • Destinasjonsselskap

PR, presse og medieomtale
  • Dagleg leiing skal aktivt arbeida for å få omtale av tilboda direkte/indirekte i etablerte media.
  • Pressemeldingar og innsal av idéar til utvalde media.

Produktportefølgje
Selskapet skal ha eit bevisst forhold til produkta dei tilbyr. Effektiv produksjon, attraktive tilbod  med godt volum og konkurransedyktige prisar. 

Oppstartsstrategi
  • Må vera raus med tilboda.
  • Offensiv og kreativ i marknadsføringsarbeidet.
  • Lage god PR-plan med stunt og show mediemerksemd og tilbod som for gode til tru på. 
Hardangerbadet
Prosjektutvikling: LAB entreprenør AS, Link arkitektur, ABO - plan & arkitektur, Multiconsult AS
Eigarar: Hardangerbadet eigedom AS, Kvam herad, Hardangerfjord Eiendom AS (LAB Eiendom AS)
hardangerfjord-hotel-by-fjordtind-svart
47f0f7b6-69ee-473b-b66c-770d51182866